Historie

Året var 1982. Dei fleste av dagens jusstudentar var, som Høgsterett ville formulert det, framleis ikkje ”konsipert”. Merksemda til verda var retta mot Falklandsøyane og krigen mellom Argentina og Storbritannia. Den største hendinga i Noreg dette året var nok stafetten under VM i Oslo der Oddvar Brå brakk staven. På denne tida eksisterte ikkje Lovdata sine nettsider, og Norsk Retstidende vart enno utgjeve i papirformat. Dei aller fleste hadde ikkje ein gong tatt i ei datamaskin. Derfor er det ikkje rart at det var lettare krisestemning på Dragefjellet då trykkeria i Bergen ikkje klarte å levere nok lovsamlingar til jusstudentane hausten 1982.

Heldigvis for bergensstudentane, var ”Jusstudentenes Idrettsklubb” nyleg oppretta ved fakultetet i Oslo. Eldsjelene i klubben lot seg inspirere av norsk mellomalderhistorie og fekk idéen om å ta opp att dei eldgamle bodbringartradisjonane. Nå skulle den nyaste lovsamlinga fraktast over fjellet til fots. Gjengen frå Oslo sprang og sykla heile vegen til Bergen. Undervegs blei det overlevert ei lovsamling til sorenskrivaren eller dommarkontoret i Drammen, Kongsberg og Notodden. Framme i Bergen blei endå eit eksemplar overrekt tingretten, før resten av lovsamlingane blei donert til einskilde heldige jusstudentar. Fleire veker før sine studiekameratar kunne dei fordjupe seg i ferske lover, som straffeprosesslova, lov om gjennomføring av sanksjonar mot Iran og lov om forbod mot profesjonell boksing. I denne lovsamlinga vart òg ein av svært få illustrerte lover publisert for fyrste gong, nemleg lov om merking av forbruksvarer.

Stafetten blei lagt godt merke til i Bergen, sjølv om Oslo gjennomførte han på eiga hand. Arkivet til Injuria avslører at ”Juridisk Skii & Boldclub” under ”Juristforeningen i Bergen” si generalforsamling i 1983 presenterte planar om å lage ein ”lovstafett” i 1984. Det er uklart om initiativet kom frå Bergen eller Oslo, men ”Jusstudentenes Idrettsklubb” skal uansett ha æra for å ha funne opp konseptet. Det er likevel god grunn til å tru at ”BergeNSBaneløpet” til BI og NHH kan ha gitt ein viss inspirasjon. Arrangørane naut òg godt av omtale i media. Aftenposten trykka like etter ein stor artikkel om stafetten.

I Lovstafetten si spede byrjing vart lovsamlinga berre utgjeve kvart andre år. Stafetten vart difor arrangert med to års mellomrom frå 1982 til og med 2008. I 1984 blei den første Lovstafetten, slik me i hovudsak kjenner han i dag, gjennomført. Arrangementet var godt gjennomført. Bilar, bussar og store stereoanlegg blei leigde inn. Ti kvinner, ti menn og fire syklistar skulle frakta lovsamlinga over fjellet frå Oslo til Bergen. Dei to laga rodde òg om kapp over Hardangerfjorden. Bergenslaget følte openbert eit stort ansvar for æra til si Juristforening; laget skal ha vunne ein overlegen siger.

Bergen greidde diverre ikkje å setje standarden ved sigeren i 1984. Stafetten to år seinare blei eit stort sportsleg nederlag for bergenslaget. I Injuria blir stafetten nådelaust omtalt slik:utklypp_injuria_19861

«etter stor suksess i 1984 klarte Bergenslaget ikke å leve opp til forventningen i 1986. Dette bør det i 1988 settes en stopper for, og for å klare det må det trening til. Laget fra Oslo (…) hadde ikke så helt mange topper, men de fleste var i brukbar form. For vårt vedkommende var stillingen ikke den samme. Vi hadde endel bra deltakere, men også endel i den andre enden av skalaen. For å bøte på dette vil jeg oppfordre alle til å starte treningen så fort som mulig”.

Sitatet viser vidare at det allereie etter to stafettar var sjølvsagt at lovstafetten var blitt ein tradisjon som var komen for å bli.

Sjølv om stafetten stort sett har vore den same i alle år, med 24 deltakarar, dei same etappane og dei same stoppa undervegs, kan ein likevel merke seg ein del nyansar og endringar frå stafett til stafett. Til dømes fekk stafetten god hjelp frå politiet i 1986. All trafikk på Karl Johans gate blei stoppa, og deltakarane på første etappe fekk politieskorte ut av Oslo. Fram til og med 90-talet blei det òg rodd om kapp over Hardangerfjorden, dette har ein no gått vekk i frå.

Trafikale utfordringar og ein stadig aukande rushtrafikk har ført til at start, målgang og løypa har vorte endra noko opp gjennom historia. Startpunktet vart tidleg, etter tilvising frå politiet, flytta frå Universitetsplassen på Karl Johan til Lysaker. I dag er starten derimot like utanfor Drammen. Målgang er lagt til Trengereid rett aust for Bergen.

Tradisjonen tru vert likefult stafetten opna med ein opningsseremoni på Universitetsplassen i Oslo. Her stiller ein representant frå kvar av dei tre statsmaktene som talar til studentane, samt spring ein kort sjarmøretappe. Stafetten vert òg avslutta med ein innløpsseremoni i Bergen. Her får vinnarlaget sin fortjente hyllest.

Deltakarane har derimot ikkje alltid vore samde om kva profil Lovstafetten skal ha. I 1990 var det openbart ein diskusjon mellom laga om flaskene skulle innehalde energidrikk eller alkohol. I Injuria kunne ein lese følgjande i rapporten:

”Det viste seg at lagene kanskje ikke hadde den samme innstilling til konkurransen. Det ble derfor endel unødvendige diskusjoner underveis, noe som må unngås ved neste korsvei. Lagene må samordne mentaliteten på forhånd, og bli enige om dette enten skal være en konkurranse på blodig alvor, eller om det skal være en sosial kulturbegivenhet”.

utklypp_1992Det kan hende at det var denne mentalitetsendringa som førte til at Bergen vann stafetten i 1992 og 1994. Desse sigrane måtte ein likevel leve på lenge. Frå 1996 opplevde ein nemleg noko som må kunne kallast Lovstafetten Bergens tiårsnatt. Fram til 2006 sto den flotte vandrepokalen uavbrote i Oslo. Det vil seie at nesten to generasjonar med studentkull på Dragefjellet aldri fekk oppleve ein lovstafettsiger.

Årsaka til dette er ikkje lett å slå fast, men ut frå Injuria si heller labre dekning av stafettane frå 1996 og utover, kan det sjå ut som om oppslutninga og engasjementet rundt Lovstafetten ikkje var på topp i denne perioden. I 1992 og 1994 blei det derimot jobba hardt for å vinne. Styret i Lovstafetten 1992 arrangerte fast trening to gonger i veka. Måndag kl. 19 var det utandørstrening, og torsdagane var det gratis innandørs aerobictrening på treningssenteret ”Top-Trim”. Den sistnemnde treningsforma blei innført for å rekruttere fleire jenter, men resultatet vart ikkje det heilt store. Av dei om lag 30 som møtte opp fast, var langt over halvparten gutar.

Felles for alle stafettane fram til i dag, er at dei alle utgjer eit unikt høve til å skape god kontakt mellom studentane på dei to største juridiske fakulteta i landet. I løpet av halvanna døgn med humørfylt, men blodig alvorleg, kappestrid, blir ein godt kjend både med lagkameratane og motstandarane. I Injuria sin artikkel i 1998 blei det attpåtil hinta om at nokre kjennskapar blei ”tettere enn andre…” Rykta vil ha det til at ein deltakar på oslolaget og ein frå bergenslaget fann kvarandre under denne turen, og at det heile har resultert i historia sin første lovstafettbaby som blei fødd våren 2007.

I 2007 vart det bestemt å gi ut ny lovsamling kvart år. Det vart difor vedteke at òg stafetten, i tråd med sitt opphav, skulle arrangerast årleg. Frå og med 2008 og fram til i dag har Lovstafetten dermed vore ei årleg hending studentane kan sjå fram til og trena mot. Dette er noko som verkeleg har gjeve Lovstafetten fotfeste på fakultetet.

I dag er det heller ikkje tvilsamt at det sportslege står i fokus under sjølve stafetten, og diskusjonane frå tidleg på 90-talet om kva for ein profil stafetten skal ha er for lengst lagt død. Blant anna har fleire tidlegare stafettdeltakarar vore blant dei beste i Noreg i sine idrettar. Konkurransen spissar seg difor stadig til, og laga går stadig nye vegar for å sikre sigeren. Dette har òg resultert i ei ganske jamn fordeling av sigrane laga imellom.

Den rivande teknologiske utviklinga som har funne stad i denne perioden har òg mogleggjort at studentar og andre interesserte i større grad enn tidlegare kan følgje med på laga. Diverse sosiale medium som Facebook, Twitter, Instagram og Snapchat vert aktivt nytta under stafetten for å gi stadige oppdateringar til omverda. Sosiale medium vert òg brukt gjennom heile året for å gje eit innblikk i livet på innsida av Lovstafetten.

Sjølv om konkurransen mellom fakulteta er hard under sjølve stafetten, står det sosiale likefullt særs sterkt. Gjennom heile året vert det halde to til tre treningar i veka. Langturar inn i Isdalen og diverse intervalløkter både på Skansemyren, Nordnes og rundt Håkonshallen er noko dei fleste nyare lovstafettarar er godt kjende med. Det vert òg halde hytteturar og andre sosiale samankomstar for alle som ynskjer å delta. Lovstefetten er altså ope for alle idrettsglade på Dragefjellet, uavhengig av nivå og føresetnader.

Etter å ha eksistert i eit kvart århundre, er stafetten no godt kjent blant juristane i landet, og han har utvikla seg til ein årleg kappestrid mellom dei to fakulteta. Vinnarlaget vert hylla som heltar på sitt fakultet, medan det tapande laget ikkje kan venta med å få revansj. Forhåpentlegvis vil Lovstafetten halde fram å leve i beste velgåande, slik at òg framtidas jusstudentar kan få glede av å ta del i stafetten sin historie, tradisjon og varme fellesskap.

Lovstafetten 2017

Lovstafettlaga frå Oslo og Bergen 2017

IMG_8046

Lovstafettlagene fra Oslo og Bergen 2018

År Vinnar
1984 Bergen
1986 Oslo
1988 Oslo
1990 Oslo
1992 Bergen
1994 Bergen
1996 Oslo
1998 Oslo
2000 Oslo
2002 Oslo
2004 Oslo
2006 Bergen
2008 Oslo
2009 Bergen
2010 Bergen
2011 Bergen
2012 Oslo
2013 Bergen
2014 Oslo
2015 Oslo
2016 Oslo
2017 Bergen
2018 Oslo
Antall sigre
Bergen 9
Oslo 14

Orginaltekst:
John Lode Roscoe
Leiar av Lovstafetten 2008, styremedlem Lovstafetten 2006

Revidert av:
Arne Sigurd Øverland, nestleiar 2016/2017
Ingrid Myhrvold Seim, informasjonsansvarlig 2017/2018

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s