Året var 1982. Dei fleste av dagens jusstudentar var som Høgsterett ville formulert det, fortsatt ikkje ”konsipert”. Merksemda til verda var retta mot Falklandsøyane og krigen mellom Argentina og Storbritannia. Den største hendinga i Noreg dette året var nok stafetten under VM i Oslo der Oddvar Brå brakk staven. På denne tida eksisterte ikkje lovdata sine nettsider eller CDROM-utgaven av Karnov. Dei aller fleste hadde ikkje ein gong tatt i ein datamaskin. Derfor er det ikkje rart at det var lettare krisestemning på Dragefjellet då trykkeria i Bergen ikkje klarte å levere nok bøker til jusstudentane hausten 1982.
Heldigvis for bergensstudentane, var nyleg ”Jusstudentenes Idrettsklubb” oppretta ved fakultetet i Oslo. Eldsjelene i klubben lot seg inspirere av norsk mellomalderhistorie, og fekk idéen om å ta opp att dei eldgamle bodbringartradisjonane. Nå skulle den nyaste lovsamlinga fraktast over fjellet til fots. Gjengen frå Oslo sprang og sykla heile vegen til Bergen. Undervegs blei det overlevert ei lovsamling til sorenskrivaren eller dommarkontoret i Drammen, Kongsberg og Notodden. Framme i Bergen blei enda eit eksemplar overrekt tingretten, før resten av lovsamlingane blei donnerte einskilde heldige jusstuentar. Fleire veker før sine medstudentar, kunne dei fordjupe seg i ferske lover som straffeprosesslova, lov om gjennomføring av sanksjonar mot Iran og lov om forbod mot profesjonell boksing. I denne lovsamlinga vart også ein av svært få illustrerte lover publisert for fyrste gong, nemleg lov om merking av forbruksvarer.
Stafetten blei lagt godt merke til i Bergen, trass i at Oslo gjennomførte den på eigahand. Arkivet til Injuria avslører at Juridisk Skii & Boldclub under Juristforeningen si generalforsamling i 1983 presenterte planar om å lage ein ”lovstafett” i 1984. Det er uklart om initiativet kom frå Bergen eller Oslo, men Jusstudentenes Idrettsklubb skal i allefall ha æra for å ha funne opp konseptet. Det er likevel god grunn til å anta at ”BergeNSBaneløpet” til BI og NHH kan ha gitt ein viss inspirasjon. Arrangørane naut også godt av omtale i media. Aftenposten trykka like etter ein stor artikkel om stafetten.
I 1984 blei altså den første lovstafetten, slik me kjenner den i dag, gjennomført. Arrangementet var godt gjennomført. Bilar, bussar og store stereoanlegg blei leigd inn. Dei to laga rodde også om kapp over Hardangerfjorden. Bergenslaget følte åpenbart eit stort ansvar for æra til sin Juristforening, laget skal ha vunne ein overlegen siger.
Bergen greidde dessverre ikkje å setje standarden ved sigeren i 1984. Stafetten to år seinare blei eit stort sportsleg nederlag for bergenslaget. I Injuria blir stafetten nådelaust omtalt slik:
“Etter stor suksess i 1984 klarte Bergenslaget ikke å leve opp til forventningen i 1986. Dette bør det i 1988 settes en stopper for, og for å klare det må det trening til. Laget fra Oslo (…) hadde ikke så helt mange topper, men de fleste var i brukbar form. For vårt vedkommende var stillingen ikke den samme. Vi hadde endel bra deltakere, men også endel i den andre enden av skalaen. For å bøte på dette vil jeg oppfordre alle til å starte treningen så fort som mulig”.
Sitatet viser vidare at det allereie etter to stafettar var sjølvsagt at lovstafetten var blitt ein tradisjon som var komen for å bli.
Sjølv om stafetten stort sett har vore den same i alle år, med 24 deltakarar, dei same etappane og dei same stoppa undervegs, kan ein likevel merke seg ein del nyansar og endringar frå stafett til stafett. Til dømes fekk stafetten god hjelp frå politiet i 1986. All trafikk på Karl Johans gate blei stoppa, og deltakarane på første etappe fekk politieskorte ut av Oslo. I nyare tid har politiet henvist lovstafetten til å starte i Lysaker, etter at morgonrushet har gitt seg. Fram til og med 90-talet blei det rodd om kapp over Hardangerfjorden, dette har ein no gått vekk i frå.
Deltakarane har heller ikkje alltid vore samde om kva profil lovstafetten skal ha. I 1990 var det openbart ein diskusjon mellom laga om flaskene skulle innehalde energidrikk eller alkohol. I Injuria kunne ein lese følgjande i rapporten:
”Det viste seg at lagene kanskje ikke hadde den samme innstilling til konkurransen. Det ble derfor endel unødvendige diskusjoner underveis, noe som må unngås ved neste korsvei. Lagene må samordne mentaliteten på forhånd, og bli enige om dette enten skal være en konkurranse på blodig alvor, eller om det skal være en sosial kulturbegivenhet”.
Kan hende var det denne mentalitetsendringa som førte til at Bergen vann stafetten i 1992 og 1994. Desse sigrane måtte ein likevel leve på lenge. Frå 1996 opplevde ein nemleg noko som må kunne kallast Juristforeningens tiårsnatt. Fram til 2006 sto den flotte vandrepokalen uavbrutt i Oslo. Det vil seie at nesten to generasjonar med studentkull på Dragefjellet aldri fekk oppleve ein lovstafettsiger.
Årsaka til dette er ikkje lett å slå fast, men ut frå Injuria si heller labre dekning av stafettane frå 1996 og utover, kan det sjå ut som om oppslutninga og engasjementet rundt lovstafetten ikkje var på topp i denne perioden. I 1992 og 1994 derimot blei det jobba hardt for å vinne. Styret i lovstafetten 1992 arrangerte fast trening to ganger i veka. Måndag kl 19 var det utandørstrening, og torsdagane var det gratis innandørs aerobictrening på treningssenteret ”Top-Trim”. Den sistnemnde treningsforma blei innført for å rekruttere fleire jenter, men resultatet var ikkje det heilt store. Av dei om lag 30 som møtte opp fast, var langt over halvparten gutar.
Felles for alle stafettane fram til i dag, er at dei alle utgjer eit unikt høve til å skape god kontakt
mellom studentane på dei to største juridiske fakulteta i landet. I løpet av halvanna døgn med
humørfylt kappestrid, blir ein godt kjend både med lagkameratane og motstandarane. I Injuria sin artikkel i 1998 blei det attpåtil hinta om at nokre bekjentskaper blei ”tettere enn andre…” Rykta vil ha det til at ein deltakar på oslolaget og ein frå bergenslaget fann kvarandre under denne turen, og at det heile har resultert i historias første lovstafettbaby som blei født våren 2007.
I skrivande stund blir det jobba med å innføre årlege lovstafettar i samband med at lovsamlinga no blir utgitt kvart år. Tida er også moden for å gjere nokre justeringar i løypa. Trafikken blir stadig større, og ein del av vegane som er brukt fram til no, er blitt for belasta. Etter Bergen sin knusande siger i 2006 takke vere den syklande utvekslingsstudenten frå Finland, blei det teke initiativ om å endre betydninga av sykkeletappane. Dette hjalp ikkje i 2008, då syklistane til Oslo nok ein gong sørga for siger til sitt lag. Det skal av den grunn gjerast ytterlegare justeringar før neste stafett.

Lovstafetten 2008 var det nærmaste ein kom 25års jubileet, i og med at det ikkje blei halde stafett i 2007. Dette passar likevel svært bra i og med at Advokatforeningen feira sitt 100års jubileum same helga som stafetten gjekk av stabelen. Lovstafetten fekk derfor stor merksemd i juristmiljøet. Under opningsseremonien i Oslo stilte justisminister Knut Storberget opp. Opposisjonen måtte også få vere med, og FRP sin formann Siv Jensen stillte gledeleg opp for å springe sjarmøretappen. Arrangementet fekk god dekning i både Advokatbladet og Juristkontakt.
Alle talarane hadde mange gode lovord om Lovstafetten. Etter å ha eksistert i eit kvart århundre, er stafetten no godt kjent blant juristane i landet. Forhåpentlegvis lever lovstafetten fortsatt i beste velgåande når Juristforeningen skal feire både 75- og 100-årsdag.
John Lode Roscoe
Leiar av Lovstafetten 2008, styremedlem Lovstafetten 2006





Legg igjen en kommentar
Kommentar-feed for denne artikkelen